Ei eventyrleg forteljing om fantasiens kraft, og betydninga av å tru på seg sjølv.

Vi møter den 11 år gamle guten Bastian som gøymer seg på eit teater for å sleppe unna mobbarane sine. Der finn han boka Den uendelege historia, om det magiske landet Fantásia som er i ferd med å gå til grunne. Bastian blir dregen inn i historia, og oppdagar sin eigen styrke når han plutseleg er helten i historia. Det blir opp til han å redde landet frå undergangen. Men på vegen risikerer han å miste kontakten med verkelegheita.

Barnleg fantasi

Den uendelege historia undersøker krafta i barns fantasi. For det ein saknar i den verkelege verda kan ein finne i litteraturen. Men det kan også bli ei flukt frå viktige eller vonde utfordringar ein sjølv har i livet.

INFORMASJON TIL PUBLIKUM
Dette er ei familieframsyning som passar for barn frå 8 år og oppover.
Visste du at det er billegare billettar tysdag - torsdag på familieframsyningar? Barnepris er halv pris av ordinær pris.

Klassikar i barnelitteraturen

Boka er skriven av Michael Ende og blei utgitt i 1979. Ho blir rekna som ein klassikar innan barne- og ungdomslitteraturen. Boka blei filmatisert i 1984 av Wolfgang Petersen, og tittelsongen av den britiske artisten Limahl, blei ein superhit.

Svolten?

Rekk de ikkje ete før de kjem i teateret? Velkommen til restauranten vår!

Les meir

Kjøp billett

Vel speledato for Den uendelege historia

Finn ut meir