Gå Gå
av Goksøyr & Martens
... det er ikkje så lett å sjå, for skjermen på telefonen din er knust, men på bildet ser du at ho er blå på haka. Og veldig blå under haka. Mor di har eit skrubbsår på kinnet, blod rundt nasen, og så har ho eit skikkeleg sår ved det eine øyret; eit kutt.
Ei kvinne er på veg til eit akuttmottak, og medan ho bevegar seg gjennom byen får vi vite kva ho tenkjer om mor si - og om kva som skjedde for ti dagar sidan.
GÅ (livet #5) er ein personleg tankestraum som går i dialog med byrommet og dei lydane og hendingane som oppstår der. Samtidig er framsyninga ei undersøking av korleis smittevern utfordrar forholdet til våre næraste, og korleis fråværet av ritual påverkar oss.
GÅ er femte og siste del av pentalogien LIVET – ei framsyningsrekke som skildrar overgangane i livet frå fødsel til død. Ved hjelp av ein avspelar vil publikum bli rettleia frå Det Norske Teatret og vidare opp til St. Hanshaugen.
Songen som avsluttar framsyninga: Salve Regina frå Stabat Mater, Pergolesi. Songar: Emma Kirkby.
Audiovandringa blir produsert i samarbeid med Ultimafestivalen. Goksøyr&Martens har mottatt produksjonsstøtte frå Norsk Kulturråd, Fritt Ord og Bergesenstiftelsen.
Uttrykksfoto: Kim Hiorthøy
Finn ut meir
- Ane Dahl Torp
- Agnes Kittelsen
- Oddgeir Thune
- Nina Woxholtt
- Kaia Varjord
- Geir Kvarme
- Hilde Olausson
- Ingrid Jørgensen Dragland
- Kirsti Refseth
- Yusuf Toosh Ibra
- Elisabeth Sand
- Frode Winther
- Øyvin Berven
- Paul Åge Johannessen
- Amell Basic
- Kidane Gjølme Dalva
- Casper Falck-Løvås
- Tuva Holen
- Sigurd Skeidsvoll
- Haakon Aars
- Helena Weisser
- Felicia Tove Elizabeth Klungerbo Fredrick
- Fredrikke Folvik
- Eira Sjaastad Huse
- Stine Wexelsen Goksøyr
- Stein Michelsen
- Georg Devendra Apenes
- Borghild Stubø
