Har du tenkt på om økonomi faktisk – utan at vi tenkjer så mykje over det i vårt «klasselause samfunn» - kan påverke personlege relasjonar?
I Kasimir og Karoline blir vi med på ein vill oktoberfest der alle samfunnslag møtest for å drikke øl av gigantiske krus, ete digre pølser og gjere ting dei absolutt ikkje elles ville ha gjort. Alle har ein grunn for å gløyme kvardagen for ein kveld. Hovudscenen er gjort om til ei blanding av øltelt og sirkustelt, her er rutsjebanar og karusellar og karaokemusikken ligg som eit 4/4-dels bedøvande teppe på toppen av rusen. Her boltrar eit ungdommeleg, feststemt og talrikt ensemble seg i ein fargesterk og fantasirik scenografi.
- Jeg har opplevd å bli satt i bås gjennom hele livet, sier Amell Basic.
Finn ut meir
7.3.2026: Vi har for tida problem med vår betalingsløysing. Vi jobbar med å løyse saka og beklagar dette!